onsdag 23. september 2009

Vi har valet nå: Stopp klimaendringane!

«Kva ville miljøet ha stemt?» spurde vi før valet. Vi håpa på ein valkamp der miljø og klima var det viktigaste. Alle partia (unntatt Frp) har slått fast at dei menneskeskapte klimaendringane er den største utfordringa vi står ovanfor idag. Klimaendringane tek livet av menneske og dyr kvar einaste dag, ved at matjord og leveområde blir tørrlagt eller lagt under vatn. Det nye Stortinget – og alle vi andre - har ein jobb framfor oss, dersom vi skal hindre at temperaturen stiger med meir enn 2 grader. Dette er den absolutte grensa for kva mange økosystem og opp til 30% av alle artane på kloden kan tåle. For å nå 2-grader-målet må dei rike landa kutte utsleppa med 40% det neste tiåret. Det betyr at vi må sette alle klutar til, lokalt, nasjonalt og internasjonalt!

Internasjonalt: I desember samlast regjeringar frå heile verda i København. I løpet av to veker skal dei kome fram til ei forpliktande for kutt i verdas samla utslepp. Dette er den viktigaste avtala i vår tid. Utfallet blir avgjerande om vi skal klare å stoppe klimaendringane før dei er ute av kontroll.

Nasjonalt: Noreg har pengane, kunnskapen og teknologien som skal til for å vise vegen til eit klimanøytralt samfunn som samstundes er eit godt samfunn for folk å bu i. Vala Stortinget tek dei komande fire åra, avgjer om Noreg skal kome seg ut av oljeavhengigheita og gå frå å vere ein storeksportør av klimaforureining til eit føregangsland for fornybar energi og miljøvenleg teknologi.

Lokalt: Ifølgje Klimaforliket til det førre Stortinget, skal Oppland og Hedmark kutte CO2-utsleppa med 1,3 millionar tonn. Her gjeld det å sjå moglegheitene for landbruket, produksjon av bioenergi og utvikling av miljøvenleg industri!
Ei utfordring som få politikarar har tatt innover seg enda, er at samferdsla gjennom Gudbrandsdalen må leggast om. 2- og 3-felts vegar med midtrekkverk, kombinert med overføring av tung trafikk frå veg til jernbane, er ei løysing som tek vare på klima, matjord og menneskeliv i trafikken. Vidare 4-felts utbygging vil derimot auke trafikken og klimagassutsleppa. 4-felts E6 vil hindre oss i å oppfylle nasjonale og internasjonale forpliktingar innanfor både klima og jordvern.

Dette er dei viktigaste utfordringane vi står ovanfor. Alle kan gjere sitt for å stoppe klimaendringane. Du kan gjere ein klimainnsats i heimen og på arbeidsplassen. Du kan vise interesse for klimaplanen i kommunen, og du kan krevje eit betre kollektivtransport-tilbod der du bur. Regjeringa eller Klimakonferansen i København kjem ikkje til å redde oss, utan at vi sjølve pressar på for forandring.
Personar, program eller parti betyr ikkje stort for miljøet. Det er politikken som blir ført idag som kjem til å avgjere om etterkomarane våre kan leve på ein trygg planet med stabilt klima og matforsyning. Kva vil du gjere for å stoppe klimaendringane?

Irja Frydenlund
Oppland Natur og Ungdom

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar