Med miljøet, mot oljeboring!
«Vi må forlate olja før olja forlet oss». Nei, det er ingen miljøvernaktivist eg siterer her – det er sjeføkonom i Det internasjonale Energibyrået (IEA), Faith Birol. IEA har lagt fram nye studiar som viser at produksjonstoppen for olje kjem om berre 10 år. Den billege oljealderen er over, og jammen var det fort opp! No går det mot slutten, og verda risikerer ei energikrise dersom vi ikkje snur om og satsar på fornybar energi. Frå 2015 må klimagassutsleppa i verda peike nedover viss vi vil ha eit leveleg klima også i framtida. Difor må energisparing og satsing på rein, fornybar energi få høgaste prioritet framover.
Stikk i strid med denne framgangsmåten for å redde klimaet på kloden, står planane for oljeutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen. I tillegg til å leggje til rette for auka norske klimagassutslepp i mange tiår, kjem risikoen for oljeutslepp i desse ekstremt sårbare havområda. Utanfor Lofoten gyter verdas siste store torskestamme. Her lever truga fugl og pattedyr, og her har kystfiskarflåten hausta av havet sine fornybare ressursar i mange tusen år. Nord-Norge må få behalde dei fornybare ressursane og utvikle dei, inkludert energi frå vind og bølgekraft. Ei ny meiningsmåling NRK har gjort viser eit klart fleirtal mot oljeboring i Lofoten, og at motstanden er størst i Nord-Norge. Ein stad går grensa sjølv for den norske oljeindustri, og den grensa går ved Lofoten og Vesterålen!
Stortinget vi snart skal velje, avgjer om Lofoten skal vernast eller ikkje. Ei stemme til miljøet er ei stemme til eit parti som har sagt klart nei til oljeboring i matfatet. Natur og Ungdom frårår difor å stemme Ap, Høgre eller Frp. Miljøet treng stemmene våre!
Irja Frydenlund,
leiar Oppland Natur og Ungdom.
onsdag 19. august 2009
Abonner på:
Kommentarer (Atom)