Under overskrifta «Veg vs. Jernbane» (30.april) peiker Tor Ødegården på at samferdselsdebatten i Norge ofte er unyansert, og at avisene kunne setje ljos på han frå fleire kantar. Han har rett. Dersom målet med debatten er å kome fram til dei beste løysingane for samferdsel (med tanke for både samfunnsutvikling, tryggleik og miljø), må fakta på bordet. Vi har pådratt oss eit dårleg vegnett, seier Ødegården – med ein dårleg geografisk profil. Eg er einig i det siste, og meiner at vi bør sikre dei farlege vegane med t.d. midtdelar (i store vegar som E6), og gjerne gang- og sykkelveg ved sidan av. Mjuke løysingar, som – i motsetnad til 4-felts veg – kan gi trivsel i distrikta, spare oss for tapte menneskeliv, samt redusere klimagassutsleppa frå vegane.
Jernbanen er nok likevel den sektoren som har vore verst forsømd dei siste femti åra. Gjennom fyrste halvdel av 1900-talet vart Dovrebanen, Sørlandsbanen og ei rekke kortare strekningar bygde. Dei batt landet saman, by med bygd. Bergensbanen som sto ferdig i 1909 kosta visst eit heilt statsbudsjett! Eit storslått slag for samfunnsbygginga – det var den gong staten hadde råd til å tenkje langsiktig. Men etter at jernbanen kom til Bodø i 1962 var det stopp. Oljen strøymde inn og smurde statskassa, nordmenn vart rike – og ein tok til å tenkje bedriftsøkonomi framfor samfunnsøkonomi. Jernbanen vart gløymd...
Idag vassar vi i oljepengar, men investerer dei heller i skitne verksemder i utlandet enn å investere dei i langvarig infrastruktur her heime. Samstundes møter verda større utfordringar. Klimaendringane trugar med nedsmelting av brear og pol-is; i Nord-Canada bryt jegerar gjennom isen der dei har gått på jakt i hundrar av år. Landet vårt gir kraftige bidrag til klimaendringane, mest gjennom oljeindustrien (1/3 av utsleppa) og vegtrafikken (omlag ¼ av utsleppa). Vil vi framleis ha tryggleik og samfunnsutvikling i lokalsamfunnet og globalt? Da må vi satse på jernbanen igjen. Det har aldri vore prat om «veg eller jernbane», men meir av transporten må flyttast frå fly og veg til moderne jernbane. Oljen vart tatt opp og mesteparten brent på eit par generasjonar. Vi som veks opp i dag, ser behovet for å byggje landet langsiktig, slik som med Bergensbanen for nøyaktig 100 år sidan. Eit fyrste steg kan vere å leggje bort planane om 4-felts E6, og heller byggje midtdelarar og jernbane.
Irja Frydenlund, Vågå,
Oppland Natur og Ungdom.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar