Tromsø 28. april: Verdas fremste klimaforskarar legg fram ny forsking som viser at sjølv dei verste scenarioa til FN sitt klimapanel er for forsiktige. Smeltinga av breane skjer 3 gongar raskare enn forventa, mellom anna fordi vassdammar oppå isen ikkje reflekterer solstrålane tilbake ut i lufta, men absorberer dei.
Oslo, 8. mai: Regjeringa opnar 21 nye boreområde for oljeindustrien, trass i at alle partia på Stortinget (unntatt Frp) slår fast i programma sine at klimaendringane er den største utfordringa vi står ovanfor.
GD 8.mai: E6-ordførarar i Hedmark og Oppland kranglar om kven som skal få mest pengar til å byggje størst vegar fortast mogleg.
Klimaendringane er farlege og vanskelege å berekne konsekvensane av. Det vi veit med sikkerheit, er at dersom vi ikkje tek til å senke utsleppa våre raskt og kraftig, vil dei menneskelege kostnadene bli ufattelege. Ras, jorderosjon og flaum som følgje av meir nedbør – vi i Gudbrandsdalen slepp billegare unna enn dei aller fleste. Kostnader og materielle skader er èin ting, verre er det at ein tredel av verdas dyre- og planteartar vil dø ut innan midten av hundreåret (da vil temperaturen ha auka med 2 grader frå før-industriell tid).
Det gode er at vi kan stoppe klimaendringane der – dersom vi kuttar utsleppa våre no. Når regjeringa sviktar, blir det enda viktigare at lokalpolitikarar går føre med å kutte utslepp lokalt. De har alt å vinne på å byrje i dag. Det artige er at dei beste klimatiltaka også vil gi positiv effekt på lokalmiljø, tryggleik og trivselen til innbyggjarane i kommunen. Her er tre forslag som kan og bør gjennomførast i kvar kommune i Gudbrandsdalen:
Legg bort dei store vegplanane og gå inn for sikring av eksisterande veg + opprusting av jernbanen. (Vil redde menneskeliv, dyrkbar matjord, og fjerne lokal forureining.)
planlegg lokalsamfunnet slik at folk slepp å reise så langt: ta vare på det lokale postkontoret, nærbutikken og grendeskulen, bygg bustader i sentrum. (Vil gi fleire arbeidsplassar og meir trivsel i små sentrum. Mindre bilkøyring er dessutan bra for helsa og miljøet.)
energieffektivisering + omlegging til miljøvenleg oppvarming i alle offentlege bygg. Her kan kommunen spare inn store summar på sikt, som kan brukast til andre tiltak for miljøet og folk flest.
Alle forslaga er samfunnsøkonomisk lønsame. Dei tener klimaet, lokalmiljøet og menneska som bur der. Dei vil dra folk og utvikling til distrikta. Noko å gå til val på, kanskje? Når vi ser oss attende om 10 år, vil det vere vanskeleg å forstå kvifor vi ikkje gjennomførte klimatiltaka med ein gong vi visste kvar planeten var på veg. Ventar vi lenger, må vi betale tilbake med skyhøge renter. Det er å dytte ansvaret frå seg. Bli med og stopp klimaendringane!
Irja Frydenlund,
Oppland Natur og Ungdom.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar